Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 2:20-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Det òg vert rekna for eit refaittland. I gamle dagar budde det refaittar der; ammonittane kallar dei samsummittar.

21. Dei var eit stort og mannsterkt folk og høgvaksne som anakittane. Men Herren rudde dei ut for ammonittane. Dei dreiv dei bort og busette seg i landet deira.

22. Det same hadde han gjort for Esau-sønene, som bur i Se’ir, då han rudde ut horittane for dei. Esau-sønene dreiv dei bort og busette seg i landet deira, og der har dei butt til denne dag.

23. Like eins gjekk det med avittane, som budde i landsbyane, heilt fram til Gasa. Kaftorarane som kom frå Kaftor, rudde dei ut og busette seg i landet deira.

24. Gjer dykk ferdige, far i veg og set over Arnon-elva! Sjå, eg gjev amoritten Sihon, kongen i Hesjbon, og landet hans i dine hender. Ta til med å leggja det under deg, og gå til strid mot han!