Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 2:13-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Ta no ut og gå over Sered-bekken!» Så gjekk vi over Sered-bekken.

14. Då var det trettiåtte år sidan vi tok ut frå Kadesj-Barnea, og heile den gamle ættleden av våpenføre menn i leiren var utdøydd, som Herren hadde svore at det skulle gå dei.

15. Herrens hand var vend mot dei, og han rudde dei ut or leiren til siste mann.

16. Då alle våpenføre menn i folket var døde,

17. tala Herren til meg og sa:

18. «Når du no fer gjennom Moab-landet, gjennom Ar,

19. og kjem bort imot ammonittlandet, skal du ikkje gå til strid mot dei og ikkje ta på dei. Eg vil ikkje la deg få noko av ammonittlandet, for det har eg gjeve Lots-sønene til eigedom.»

20. Det òg vert rekna for eit refaittland. I gamle dagar budde det refaittar der; ammonittane kallar dei samsummittar.

21. Dei var eit stort og mannsterkt folk og høgvaksne som anakittane. Men Herren rudde dei ut for ammonittane. Dei dreiv dei bort og busette seg i landet deira.