Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 19:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når Herren din Gud rydjar ut folkeslaga i det landet han gjev deg, og du driv dei ut og buset deg i byane og husa deira,

2. då skal du skilja ut tre byar i det landet Herren din Gud lèt deg ta i eige.

3. Du skal fastsetja kvar dei skal liggja. Og heile det landet Herren din Gud gjev deg til eigedom, skal du dela i tre, så kvar drapsmann har ein stad å røma til.

4. I desse høve kan ein drapsmann røma dit og berga livet: Når nokon drep ein landsmann av vanvare og utan å ha bore hat til han frå før,

5. som når ein mann går saman med grannen sin ut i skogen og skal hogga tømmer, og han svingar øksa og vil fella eit tre, men øksa fer av skaftet og råkar grannen så han døyr, då kan mannen røma til ein av desse byane og berga livet.

6. Elles kunne blodhemnaren i rykande sinne setja etter drapsmannen, og var vegen lang, kunne han nå han att og slå han i hel, endå mannen ikkje var skuldig til døden, sidan han ikkje hadde bore hat til den han drap.

7. Difor er det eg byd deg at du skal skilja ut tre byar.

8. Når Herren din Gud vidar ut grensene dine, som han med eid lova fedrane dine, og lèt deg få heile det landet han lova å gje dei,

9. så sant du aktar på alle desse boda og gjer det eg byd deg i dag, så du elskar Herren din Gud og alltid går på hans vegar, då skal du leggja endå tre byar til desse tre.