Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 18:6-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Når ein levitt fer bort frå ein av dei byane i Israel som han har halde til i, kan han, om han har hug, koma til den staden Herren vel seg ut.

7. Der kan han gjera teneste i namnet åt Herren sin Gud liksom dei andre levittane, brørne hans, som står for Herrens åsyn.

8. Dei skal få like stor del å leva av, forutan det kvar får om han sel fedrearven sin.

9. Når du kjem til det landet Herren din Gud gjev deg, skal du ikkje ta etter all den styggedomen som folka der fer med.

10. Hjå deg må det ikkje finnast nokon som lèt son sin eller dotter si gå gjennom elden, ingen som tek varsel, ingen teikntydar, spåmann eller trollmann.

11. Ingen må driva med svartekunster, spørja gjengangarar og spådomsånder eller be om råd hjå dei døde.

12. For Herren styggjest ved alle som gjer slikt, og det er fordi folka har fare med slik styggedom at Herren din Gud driv dei ut for deg.

13. Heilhjarta skal du vera mot Herren din Gud.

14. Desse folka som du skal driva ut, høyrer på teikntydarar og spåmenn. Men deg har Herren din Gud ikkje gjeve lov til slikt.

15. Av ditt eige folk, av landsmennene dine, skal Herren din Gud reisa opp ein profet som meg mellom dykk. Han skal de høyra på.