Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 18:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ingen av levittprestane, ingen som høyrer Levi-ætta til, skal ha arv og del saman med dei andre israelittane. Dei skal leva av Herrens eldoffer og av det som elles høyrer han til.

2. Men nokon arv saman med brørne sine skal dei ikkje ha. Herren er deira arv, som han har lova dei.

3. Dette skal prestane ha rett til hjå folket: Dei som ber fram slaktoffer, anten det er okse eller sau, skal gje presten bogen, kjevane og vomma.

4. Fyrstegrøda av kornet ditt og vinen din og oljen din og den fyrste ulla av sauene dine skal du òg gje han.

5. For han og sønene hans har Herren din Gud valt ut mellom ættene dine, så dei skal stå og gjera teneste i Herrens namn i alle tider.

6. Når ein levitt fer bort frå ein av dei byane i Israel som han har halde til i, kan han, om han har hug, koma til den staden Herren vel seg ut.

7. Der kan han gjera teneste i namnet åt Herren sin Gud liksom dei andre levittane, brørne hans, som står for Herrens åsyn.

8. Dei skal få like stor del å leva av, forutan det kvar får om han sel fedrearven sin.

9. Når du kjem til det landet Herren din Gud gjev deg, skal du ikkje ta etter all den styggedomen som folka der fer med.

10. Hjå deg må det ikkje finnast nokon som lèt son sin eller dotter si gå gjennom elden, ingen som tek varsel, ingen teikntydar, spåmann eller trollmann.

11. Ingen må driva med svartekunster, spørja gjengangarar og spådomsånder eller be om råd hjå dei døde.