Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 17:8-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Når ei sak er så vanskeleg at du ikkje kan døma i henne, anten det gjeld drap eller tvistemål eller lekamsskade eller andre ting som det er strid om i byane dine, skal du ta ut og fara opp til den staden Herren din Gud vel seg ut.

9. Der skal du gå til levittprestane og til han som er domar på den tida, og spørja dei til råds. Dei skal fortelja deg kva dom som skal fellast.

10. Og du skal retta deg etter det dei seier på den staden Herren vel seg ut. I eitt og alt skal du gjera som dei lærer deg.

11. Den rettleiinga dei gjev deg, og den domen dei seier deg, skal du halda deg etter. Du må ikkje vika av frå det dei seier, korkje til høgre eller venstre.

12. Den mannen som er så vørdlaus at han ikkje høyrer på presten som står og gjer teneste for Herren din Gud, eller på domaren, han skal lata livet. Såleis skal du rydja det vonde ut or Israel.

13. Heile folket skal høyra om det og reddast, så dei aldri meir vågar å gjera noko så vørdlaust.

14. Når du kjem inn i det landet Herren din Gud gjev deg, legg det under deg og buset deg der, og du så seier: «Eg vil ha ein konge over meg liksom alle folka rundt ikring meg»,

15. då skal du setja den mannen som Herren din Gud vel ut, til konge over deg. Ein av landsmennene dine skal du ta til konge. Du må ikkje ta ein utlending, ein som ikkje er landsmannen din.

16. Men kongen må ikkje halda mange hestar og ikkje senda folket sitt tilbake til Egypt, så han kan få seg fleire hestar. Herren har då sagt at de ikkje meir skal fara den vegen.