Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 17:15-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. då skal du setja den mannen som Herren din Gud vel ut, til konge over deg. Ein av landsmennene dine skal du ta til konge. Du må ikkje ta ein utlending, ein som ikkje er landsmannen din.

16. Men kongen må ikkje halda mange hestar og ikkje senda folket sitt tilbake til Egypt, så han kan få seg fleire hestar. Herren har då sagt at de ikkje meir skal fara den vegen.

17. Kongen skal heller ikkje ta seg mange koner, så han vert lokka til fråfall, og han må ikkje samla seg sølv og gull i mengd.

18. Når han set seg i kongsstolen, skal han få ei avskrift av denne lova frå levittprestane; ho skal vera skriven i ein bokrull.

19. Den skal han ha hjå seg og lesa i alle sine levedagar, så han kan læra å ottast Herren sin Gud. Og han skal akta på alle bod og føresegner i denne lova og leva etter dei,

20. så han ikkje i hovmod set seg over landsmennene sine og ikkje vik av frå bodet, korkje til høgre eller venstre. Då skal han og etterkomarane hans ha kongsmakta i Israel i lange tider.