Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 15:2-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Såleis skal du gå fram når du ettergjev gjeld: Kvar den som har noko til gode hjå ein landsmann, skal ettergje det. Han må ikkje krevja det att hjå frende eller landsmann, når det er utlyst ettergjeving frå Herren.

3. Utlendingen kan du krevja. Men det du har til gode hjå landsmannen din, skal du ettergje.

4. Med retten skulle det ikkje finnast fattige hjå deg; for Herren din Gud vil velsigna deg rikt i det landet han gjev deg til odel og eige,

5. så sant du lyder Herren din Gud og legg vinn på å leva etter alle desse bodorda som eg gjev deg i dag.

6. Når Herren din Gud velsignar deg, som han har lova, skal du låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna. Du skal rå over mange folk, men ingen skal rå over deg.

7. Når ein av landsmennene dine vert fattig i ein av byane i det landet Herren din Gud gjev deg, då skal du ikkje vera så hardhjarta at du lèt att handa for den fattige bror din.

8. Du skal opna handa for han og låna han det han vantar og treng.

9. Ta deg i vare, så ikkje den vonde tanken stig opp i deg: «No lid det til det sjuande året, ettergjevingsåret.» Sjå då ikkje med uvilje på den fattige bror din, men gjev han det han treng. Elles kjem han til å klaga deg for Herren, og du gjer deg skuldig i synd.

10. Gjev han viljug, og gjer det ikkje i tverrskap! Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt det du gjer og tek deg føre.

11. Fattige kjem det alltid til å vera i landet. Difor byd eg deg: «Opna handa for bror din, for dei arme og fattige i landet ditt!»