Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 14:9-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som har finnar og skjel, kan de eta.

10. Men de må ikkje eta noko av det som ikkje har finnar og skjel. Det skal de halda for ureint.

11. Alle reine fuglar kan de eta.

12. Men desse fuglane må de ikkje eta: ørna, lammegribben og svartgribben,

13. glenta og alle slag falkar,

14. alle slag ramnar,

15. strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar,

16. kattugla, hubroen og slørugla,

17. pelikanen, åtselgribben og skarven,

18. storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa.

19. Alt kryp som har venger, skal de halda for ureint. Det må ikkje etast.

20. Men alle reine fuglar kan de eta.

21. De må ikkje eta noko sjølvdaudt dyr. Det kan du gje til innflyttaren i byane dine. Han kan eta det. Eller du kan selja det til ein utlending. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud.Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si.

22. Kvart år skal du gje tiend av alt det som veks på marka.

23. Du skal eta tienda av kornet ditt, vinen din og oljen din og dei fyrstefødde dyra av storfeet og småfeet ditt for Herren din Guds åsyn, på den staden han vel ut til bustad åt namnet sitt, så du kan læra å ottast Herren din Gud alle dine dagar.

24. Men er vegen for lang for deg, så du ikkje kan få tienda med deg, fordi staden som Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, er langt borte frå deg, og Herren din Gud har velsigna deg,

25. kan du selja tienda. Og pengane skal du leggja i eit knyte og ta dei med deg til den staden Herren din Gud vel seg ut.