Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 13:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Det kan henda du høyrer einkvan seia om ein av dei byane Herren din Gud gjev deg til å bu i,

13. at det har stige fram gudlause menn mellom dykk og lokka folket i byen med slike ord: «Lat oss gå bort og dyrka andre gudar» – gudar som de ikkje kjenner.

14. Då skal du granska saka vel, røkja etter og spørja deg føre. Syner det seg då at eit slikt skjemdarverk verkeleg er gjort hjå deg,

15. skal du hogga ned folket i den byen med sverd. Du skal bannstøyta han og alt som i han er. Jamvel buskapen skal du hogga ned med sverd.

16. Alt hærfanget som er teke der, skal du samla midt på torget. Og du skal brenna byen og hærfanget som eit heiloffer til Herren din Gud. Sidan skal byen liggja i røys og aldri byggjast opp att.

17. Du må ikkje halda på eit grann av det som er bannlyst. Då skal Herren la sin brennande vreide fara og syna deg medkjensle. Og i si medkjensle skal han auka ætta di, som han med eid lova fedrane dine,

18. så sant du lyder Herren din Gud og held alle boda hans som eg gjev deg i dag, og gjer det som rett er i hans augo.