Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 12:18-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Men du skal eta det for Herren din Guds åsyn, på den staden han vel seg ut, du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di og levittane som bur i byane dine, og du skal gleda deg for Herren din Guds åsyn over alt det du har vunne med arbeidet ditt.

19. Ta deg i vare så du ikkje gløymer levitten så lenge du lever på jorda di.

20. Når Herren din Gud vidar ut grensene dine, så som han har lova deg, og du seier: «Eg vil eta kjøt,» fordi du har hug på det, kan du eta kjøt så mykje du vil.

21. Har du lang veg til den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, kan du gjera som eg har sagt deg, du kan slakta av storfeet og småfeet ditt som Herren gjev deg, og eta av det heime hjå deg sjølv så mykje du har hug på.

22. Men et det som du et kjøtet av gasell og hjort! Både ureine og reine kan eta av det.

23. Hald deg berre frå å eta blodet! For blodet er livet, og du må ikkje eta livet saman med kjøtet.

24. Et ikkje blodet, men slå det ut på marka som vatn!

25. Et du det ikkje, skal det gå deg og borna dine vel, for då gjer du det som rett er i Herrens augo.

26. Men dei heilage gåvene som du vil gje, og lovnadsoffera skal du ta med deg til den staden Herren vel seg ut.

27. Brennoffera dine, både kjøtet og blodet, skal du leggja på altaret åt Herren din Gud. Av slaktoffera skal blodet hellast ut på altaret åt Herren din Gud, men kjøtet kan du eta.

28. Legg vinn på å lyda alle desse boda som eg gjev deg! Då skal det alltid gå deg og borna dine vel, for då gjer du det som godt og rett er i augo åt Herren din Gud.

29. Herren din Gud vil rydja ut for deg dei folkeslaga som du no går imot og driv bort. Når du har drive dei bort og busett deg i landet deira,

30. sjå då til at du ikkje lèt deg lokka til å fylgja i fotefaret deira etter at dei har vorte utrudde for di skuld. Du skal ikkje spørja etter gudane deira og seia: «Korleis dyrka desse folka gudane sine? Eg vil gjera som dei.»