Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 10:20-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Herren din Gud skal du ottast. Han skal du tena og halda deg til, og ved hans namn skal du sverja.

21. Han er di ære, og han er din Gud, som har gjort desse store og agelege gjerningane for deg, som du har sett for augo dine.

22. Fedrane dine var sytti i talet då dei fór ned til Egypt. Men no har Herren din Gud gjort deg uteljande som stjernene på himmelen.