Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 10:11-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Sidan sa Herren til meg: «Stå opp, ta ut og gå føre folket, så dei kan koma inn i det landet som eg med eid lova at eg ville gje fedrane deira, og leggja det under seg.»

12. Og no, Israel, kva er det Herren din Gud krev av deg? At du skal ottast Herren din Gud, så du går på alle hans vegar, elskar og tener han av heile ditt hjarta og heile din hug,

13. og at du skal halda Herrens bod og føresegner, som eg gjev deg i dag. Då skal det gå deg vel.

14. Sjå, himmelen, den høge himmel, og jorda med alt det som der finst, høyrer Herren din Gud til.

15. Men endå var det berre fedrane dine han fekk godhug for og elska. Og sidan valde han ut dykk, etterkomarane deira, framom alle andre folkeslag, som vi ser det i dag.

16. Så omskjer då hjarto dykkar, og ver ikkje lenger så stridlyndte!