Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 1:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Sjå, eg har lagt landet ope for dykk. Far av stad og ta det landet som Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, Abraham, Isak og Jakob, og etterkomarane deira.»

9. Den gongen sa eg til dykk: «Eg kan ikkje greia strevet med dykk åleine.

10. Herren dykkar Gud har late dykk auka i tal, så de i dag er mange som stjernene på himmelen.

11. Gjev Herren, dykkar fedrars Gud, må gjera dykk tusen gonger så talrike som de no er, og velsigna dykk, som han har lova.

12. Men korleis kan eg åleine greia strevet og møda med dykk og trettene dykkar?

13. Kom med nokre vise, vituge og velrøynde menn frå kvar ætt, så skal eg setja dei til førarar for dykk.»

14. Då svara de meg: «Det er både rett og godt, det du rår oss til å gjera.»

15. Så tok eg ættehovdingane dykkar, vise og velrøynde menn, og sette dei til leiarar og førarar for dykk, somme over tusen, somme over hundre, somme over femti og somme over ti, og gjorde dei til tilsynsmenn for ættene.