Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 1:41-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

41. Då svara de meg: «Vi har synda mot Herren. No vil vi fara opp og strida, såleis som Herren vår Gud har sagt oss føre.» Så spente de på dykk våpna, alle som ein. De trudde det var lett å trengja inn i fjell-landet.

42. Men Herren sa til meg: «Sei til dei at dei ikkje skal fara opp og strida, for eg er ikkje med dei, og dei kjem til å tapa for fiendane sine.»

43. Eg tala til dykk, men de ville ikkje høyra. De sette dykk opp mot Herren og var høgmodige nok til å fara opp i fjella.

44. Då tok amorittane, som budde der i fjell-landet, ut mot dykk. Dei sette etter dykk som ein biesverm, vann over dykk i Se’ir og forfylgde dykk heilt til Horma.

45. Så kom de att og gret og bad til Herren. Men Herren høyrde ikkje på dykk og lydde ikkje på klagene dykkar.

46. Difor laut de bu i Kadesj heile den lange tida.