Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 1:36-42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

36. Berre Kaleb, son til Jefunne, skal få sjå det. Han og borna hans vil eg gje det landet han har sett foten på, fordi han så trufast har halde seg til Herren.»

37. Meg òg vart Herren vreid på for dykkar skuld og sa: «Heller ikkje du skal få koma inn i landet.

38. Men Josva Nunsson, som er tenaren din, han skal få koma inn. Gjer han djerv og sterk! For han skal hjelpa Israel til å vinna landet.

39. Og småborna dykkar, som de trudde ville koma i fiendehand, og dei borna som enno ikkje kan skilja godt frå vondt, dei skal koma inn i landet. Eg gjev det til dei, og dei skal ta det i eige.

40. Men de må snu og fara ut i øydemarka, mot Sevsjøen.»

41. Då svara de meg: «Vi har synda mot Herren. No vil vi fara opp og strida, såleis som Herren vår Gud har sagt oss føre.» Så spente de på dykk våpna, alle som ein. De trudde det var lett å trengja inn i fjell-landet.

42. Men Herren sa til meg: «Sei til dei at dei ikkje skal fara opp og strida, for eg er ikkje med dei, og dei kjem til å tapa for fiendane sine.»