Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 1:21-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Sjå, Herren din Gud har lagt landet ope for deg. Far opp og ta det, som Herren, dine fedrars Gud, har sagt deg. Ver ikkje redd, og miss ikkje motet!»

22. Då kom de til meg alle saman og sa: «Lat oss senda folk føre, så dei kan gjera seg kjende i landet og seia frå kva veg vi skal fara dit opp, og kva byar vi kjem til!»

23. Det tykte eg vel om, og så tok eg ut tolv mann, ein frå kvar ætt.

24. Dei gjekk av stad, fór opp i fjellet og kom til Esjkol-dalen. Dei endefór landet,

25. tok noko av frukta som veks der, og hadde med seg ned til oss, og fortalde om det dei hadde sett: «Landet som Herren vår Gud vil gje oss, er eit godt land.»

26. Men de ville ikkje fara dit. De sette dykk opp mot Herren dykkar Gud.

27. De sat og murra i telta dykkar: «Herren hatar oss; difor har han ført oss ut or Egypt. Og no vil han gje oss i hendene på amorittane og rydja oss ut.

28. Kva slag land er det vi fer opp til? Frendane våre tok reint motet frå oss då dei kom att og fortalde om eit folk som er større og høgare enn vi, og om store byar med himmelhøge festningsmurar. Der hadde dei sett anakittar òg.»

29. Då sa eg til dykk: «Lat dykk ikkje skræma, og ver ikkje redde dei!

30. Herren dykkar Gud går føre dykk. Han skal strida for dykk, så som de såg han gjorde i Egypt

31. og sidan i øydemarka. Der såg du korleis Herren din Gud bar deg, liksom ein mann ber barnet sitt, heile den vegen de fór, til de kom hit.»

32. Likevel trudde de ikkje på Herren dykkar Gud,

33. han som gjekk føre dykk på ferda og såg etter leirstader åt dykk, om natta i ein eld, så de kunne sjå den vegen de skulle gå, og om dagen i ei sky.

34. Då Herren høyrde korleis de tala, vart han harm og svor:

35. «Ingen av desse mennene, av denne vonde ætta, skal få sjå det gode landet som eg med eid har lova å gje fedrane dykkar.

36. Berre Kaleb, son til Jefunne, skal få sjå det. Han og borna hans vil eg gje det landet han har sett foten på, fordi han så trufast har halde seg til Herren.»

37. Meg òg vart Herren vreid på for dykkar skuld og sa: «Heller ikkje du skal få koma inn i landet.

38. Men Josva Nunsson, som er tenaren din, han skal få koma inn. Gjer han djerv og sterk! For han skal hjelpa Israel til å vinna landet.

39. Og småborna dykkar, som de trudde ville koma i fiendehand, og dei borna som enno ikkje kan skilja godt frå vondt, dei skal koma inn i landet. Eg gjev det til dei, og dei skal ta det i eige.

40. Men de må snu og fara ut i øydemarka, mot Sevsjøen.»

41. Då svara de meg: «Vi har synda mot Herren. No vil vi fara opp og strida, såleis som Herren vår Gud har sagt oss føre.» Så spente de på dykk våpna, alle som ein. De trudde det var lett å trengja inn i fjell-landet.