Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 1:15-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Så tok eg ættehovdingane dykkar, vise og velrøynde menn, og sette dei til leiarar og førarar for dykk, somme over tusen, somme over hundre, somme over femti og somme over ti, og gjorde dei til tilsynsmenn for ættene.

16. Den gongen gav eg domarane dykkar dette påbodet: «Høyr på landsmennene dykkar, og døm rettvist når nokon har sak med ein landsmann eller med ein innflyttar som bur hjå han.

17. Gjer ikkje skil på folk i retten! Høyr på høg og på låg, og ver ikkje redde nokon; for domen høyrer Gud til. Men saker som er for vanskelege for dykk, skal de koma til meg med, så eg får høyra dei.»

18. Den gongen sa eg frå om alt de skulle gjera.

19. Så tok vi ut frå Horeb og fór gjennom heile den store og uhyggjelege øydemarka som de har sett. Vi fylgde vegen til fjell-landet åt amorittane, såleis som Herren vår Gud hadde sagt oss føre, og kom til Kadesj-Barnea.

20. Då sa eg til dykk: «No er de komne til fjell-landet åt amorittane, som Herren vår Gud vil gje oss.

21. Sjå, Herren din Gud har lagt landet ope for deg. Far opp og ta det, som Herren, dine fedrars Gud, har sagt deg. Ver ikkje redd, og miss ikkje motet!»