Bibelen 1978-85 Nynorsk

5. Mosebok 1:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er dei orda som Moses tala til heile Israel i øydemarka austanfor Jordan, på Araba-sletta midt for Suf, mellom Paran og Tofel, Laban, Haserot og Di-Sahab,

2. elleve dagsreiser frå Horeb etter den vegen som fører over Se’ir-fjella til Kadesj-Barnea.

3. Det var i det førtiande året, den fyrste dagen i den ellevte månaden, han tala til israelittane og kunngjorde alt det som Herren hadde sagt at han skulle tala til dei.

4. Då hadde han vunne over amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot og Edre’i.

5. Austanfor Jordan, i Moab, var det Moses tok til å leggja ut denne lova. Han sa:

6. Herren vår Gud tala såleis til oss ved Horeb: «Lenge nok har de halde dykk ved dette fjellet.

7. Ta no ut og far til fjell-landet åt amorittane og til grannefolka deira i Jordan-dalen, i fjellbygdene og i Sjefela, i Negev og utmed havet, til Kanaan-landet og til Libanon, heilt bort til Storelva, Eufrat.