Bibelen 1978-85 Nynorsk

2. Peter 1:15-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Og det er om å gjera for meg at de alltid skal minnast dette, når eg er borte.

16. For det var ikkje oppdikta eventyr vi fór med då vi kunngjorde dykk vår Herre Jesu Kristi makt og kome. Nei, vi var augnevitne som såg hans guddommelege velde.

17. For Gud Fader gav han ære og herlegdom den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.»

18. Vi høyrde sjølve denne røysta koma frå himmelen, då vi var saman med han på det heilage fjellet.

19. Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.

20. Men framom alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand.

21. For aldri er noko profetord framkome ved menneskevilje; men drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud.