Bibelen 1978-85 Nynorsk

2. Peter 1:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel, helsar dei som ved vår Gud og frelsar Jesu Kristi rettferd har fått den same dyre tru som vi.

2. Nåde og fred vere med dykk i rikt mål gjennom kunnskapen om Gud og vår Herre Jesus!

3. Då vi lærte han å kjenna som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke, gav han oss i si guddommelege makt alt som tener til liv og gudsfrykt.

4. Dermed har han gjeve oss dei dyraste og største lovnader; ved dei skulle de få del i guddommeleg natur etter at de har sloppe bort frå oppløysinga i verda, den som kjem av lystene.

5. Gjer difor alt de kan så trua viser seg i eit rett liv, og det rette livet i skjøn,

6. skjønet i sjølvtøyming, sjølvtøyminga i tolmod, tolmodet i kristen livsferd,

7. den kristne livsferda i brorskap og brorskapen i kjærleik.