Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 9:9-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Før i tida sa dei i Israel når dei skulle av og spørja Gud til råds: «Kom, lat oss gå til sjåaren!» Det dei no kallar profet, kalla dei før i tida sjåar. –

12. Jentene svara: «Ja, han er beint framføre dykk. Skunda dykk, no er han komen til byen, for i dag held folket ei offerhøgtid på haugen.

13. Når de kjem inn i byen, finn de han før han går opp på haugen til måltidet. Folket et ikkje før han kjem, for det er han som velsignar offeret. Fyrst då tek gjestene til å eta. Gå berre opp, for no råkar de han.»

14. Så gjekk dei opp til byen, og med det same dei kom inn i byen, kom Samuel imot dei; han var på veg opp til offerhaugen.

15. Men dagen før Saul kom, hadde Herren varsla Samuel og sagt:

16. «I morgon på denne tid sender eg til deg ein mann frå Benjamins-landet; han skal du salva til fyrste over Israel, folket mitt. Han skal frelsa folket mitt frå filistarveldet; for eg har sett kor vondt folket mitt har det, og naudropa deira har nått opp til meg.»

17. Då Samuel fekk auga på Saul, sa Herren til han: «Sjå, der er den mannen som eg tala til deg om. Han skal styra folket mitt.»

18. Saul gjekk bort til Samuel midt i porten og sa: «Gjer vel og sei meg kvar sjåaren bur!»

19. Samuel svara: «Eg er sjåaren. Gå føre meg opp på haugen! De skal eta med meg i dag. Så kan du fara i veg att i morgon, og då skal du få greie på alt det du gjerne vil vita.

20. Eselhoppene som kom bort for deg for tre dagar sidan, skal du ikkje vera redd for; dei er komne til rettes. Kva er det heile Israel ynskjer seg? Er det ikkje deg og farsætta di?»

21. Saul svara: «Men eg er berre ein benjaminitt, frå ei av dei minste ættene i Israel! Og ættgreina mi er den ringaste av alle ættgreiner i Benjamin. Kvifor talar du då såleis til meg?»

22. Men Samuel tok Saul og tenestguten hans og førte dei inn i halla. Han lét dei setja seg øvst mellom gjestene. Det var om lag tretti mann der.

23. Så sa han til kokken: «Kom hit med det stykket som eg gav deg og bad deg ta vare på.»