Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 9:18-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Saul gjekk bort til Samuel midt i porten og sa: «Gjer vel og sei meg kvar sjåaren bur!»

19. Samuel svara: «Eg er sjåaren. Gå føre meg opp på haugen! De skal eta med meg i dag. Så kan du fara i veg att i morgon, og då skal du få greie på alt det du gjerne vil vita.

20. Eselhoppene som kom bort for deg for tre dagar sidan, skal du ikkje vera redd for; dei er komne til rettes. Kva er det heile Israel ynskjer seg? Er det ikkje deg og farsætta di?»

21. Saul svara: «Men eg er berre ein benjaminitt, frå ei av dei minste ættene i Israel! Og ættgreina mi er den ringaste av alle ættgreiner i Benjamin. Kvifor talar du då såleis til meg?»

22. Men Samuel tok Saul og tenestguten hans og førte dei inn i halla. Han lét dei setja seg øvst mellom gjestene. Det var om lag tretti mann der.

23. Så sa han til kokken: «Kom hit med det stykket som eg gav deg og bad deg ta vare på.»

24. Då tok kokken opp lårstykket og feitthalen og sette det fram for Saul. Og Samuel sa: «Her har du det som er att. Et no! Det vart halde av for deg til denne høgtida som eg har kalla folket saman til.» Så åt då Saul i lag med Samuel den dagen.

25. Sidan gjekk dei ned av haugen og inn i byen, og han sat og tala med Saul på taket.

26. Tidleg om morgonen, med det same det tok til å dagast, stod dei opp, og Samuel ropa til Saul oppe på taket: «Stå opp, så skal eg fylgja deg på veg.» Saul stod opp, og dei gjekk ut i lag, han og Samuel.

27. Då dei kom til utkanten av byen, sa Samuel til Saul: «Sei til tenestguten din at han skal fara føre.» Tenestguten gjekk, og Samuel sa: «Stogga du her, så skal du få høyra kva Gud har sagt.»