Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 9:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Kisj heitte ein mann av Benjamins-ætta. Han var son til Abiel, son til Seror, son til Bekorat, son til Afiak, som var frå Benjamin. Kisj var ein velhalden mann.

2. Han hadde ein son som heitte Saul, ein ung og fager mann. Det fanst ingen i Israel som var fagrare enn han, og han var eit hovud høgare enn alt folket.

3. Ein gong kom det bort nokre eselhopper for Kisj, far til Saul. Då sa han til son sin: «Ta med deg ein av tenestgutane, og gå av stad og leita etter eselhoppene!»

4. Dei fór over Efraims-heiane og gjennom Sjalisja-bygda, men fann dei ikkje. Så fór dei gjennom Sja’alim-bygda, men esla var ikkje der heller. Sidan fór dei gjennom Benjamins-landet, men fann dei ikkje.

5. Då dei kom til Suf-bygda, sa Saul til tenestguten som var med han: «Kom, lat oss fara heim att, elles kunne far verta meir illhuga for oss enn for esla.»

6. Men tenestguten svara: «I byen her bur det ein gudsmann som det går gjetord av. Alt det han seier, slår til. Lat oss gå dit! Han kan visst seia oss vegen vi skal gå.»

7. Så sa Saul til tenestguten: «Ja, men om vi går dit, kva skal vi så ha med til mannen? Brødet i skreppene våre er ende, og vi har inga gåve vi kan by gudsmannen. Kva har vi vel med oss?»

8. Tenestguten tok til ords att og sa til Saul: «Sjå, her har eg ein kvart sekel sølv; den kan eg gje gudsmannen, så seier han oss nok kva veg vi skal ta.»