Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 5:8-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Så sende dei bod og stemnde til seg alle filistarfyrstane og spurde: «Kva skal vi gjera med paktkista åt Israels Gud?» Dei svara: «Flytt henne til Gat!» Så flytte dei paktkista til Gat.

9. Men då dei hadde flytt henne dit, råma Herrens hand byen og skapte redsle og rådløyse. Han slo folket i byen med sott, og det braut ut svullar både på små og store.

10. Så sende dei Guds paktkiste til Ekron. Men då ho kom dit, skreik Ekron-buane: «Dei har flytt paktkista åt Israels Gud hit for å drepa oss og folket vårt.»

11. Dei sende bod og stemnde saman alle filistarfyrstane og sa: «Send paktkista åt Israels Gud bort, og lat henne koma attende til den staden der ho høyrer heime! Elles kjem ho til å drepa oss og folket vårt.» For det var kome ei dødsredsle over heile byen. Herrens hand låg tungt på han.

12. Dei mennene som ikkje døydde, vart slegne av svullar, og klageskriket frå byen steig opp mot himmelen.