Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 4:6-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Filistarane høyrde ropet og sa: «Kva tyder dette høge glederopet i hebrearleiren?» Men då dei fekk vita at Herrens paktkiste var komen dit,

7. vart dei redde; for dei tenkte: «Gud er komen til leiren.» Og dei sa: «Ve oss! Slikt har aldri hendt før.

8. Ve oss! Kven skal berga oss frå denne veldige guden? Dette er då den same guden som sende allslags plager over egyptarane i øydemarka.

9. Men ta mot til dykk, filistarar, og ver menn, så de ikkje skal måtta træla for hebrearane, som dei har træla for dykk! Manna dykk opp og gå til strid!»

10. Så gjekk filistarane på, og israelittane tapte og rømde heim, kvar til sitt. Mannefallet var fælande stort; det fall tretti tusen fotfolk av Israels-hæren.

11. Guds paktkiste vart teken, og begge Eli-sønene, Hofni og Pinhas, miste livet.

12. Ein mann av Benjamins-ætta sprang av stad frå slagmarka og kom same dagen til Sjilo med sundrivne klede og mold på hovudet.

13. Då han kom, sat Eli på stolen sin attmed vegen og stirte bortetter; for han hadde slik hjartesut for Guds paktkiste. Då mannen kom inn i byen med meldinga, vart det eit jammerskrik over heile byen.

14. Eli høyrde skriket og spurde: «Kva er dette for ståk?» Mannen skunda seg bort til Eli og fortalde han det.