Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 4:11-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Guds paktkiste vart teken, og begge Eli-sønene, Hofni og Pinhas, miste livet.

12. Ein mann av Benjamins-ætta sprang av stad frå slagmarka og kom same dagen til Sjilo med sundrivne klede og mold på hovudet.

13. Då han kom, sat Eli på stolen sin attmed vegen og stirte bortetter; for han hadde slik hjartesut for Guds paktkiste. Då mannen kom inn i byen med meldinga, vart det eit jammerskrik over heile byen.

14. Eli høyrde skriket og spurde: «Kva er dette for ståk?» Mannen skunda seg bort til Eli og fortalde han det.

15. Eli var då 98 år gamal, og han var stiv i blikket; han kunne ikkje sjå.

16. Som no mannen sa: «Eg kjem frå slagmarka, eg rømde frå slaget i dag», spurde Eli: «Korleis har det gått, guten min?»

17. Han som kom med bodet, svara: «Israel rømde for filistarane, og det vart eit stort mannefall mellom folket. Begge sønene dine, Hofni og Pinhas, har òg mist livet, og Guds paktkiste er teken.»

18. Med det same han nemnde Guds paktkiste, datt Eli baklengs ned av stolen attmed porten, braut nakken og døydde; for han var ein gamal og tung mann. Han hadde då vore domar i Israel i førti år.

19. Sonekona hans, ho som var gift med Pinhas, var med barn og skulle snart føda. Då ho høyrde at Guds paktkiste var teken, og at verfaren og mannen hennar hadde mist livet, seig ho i kne og fødde; for riene kom brått over henne.

20. Då ho heldt på å døy, sa kvinnene som stod oppover henne: «Ver ikkje redd, du har fått ein son!» Men ho svara ikkje og ansa ikkje kva dei sa.

21. Ho kalla guten Ikabod og sa: «Kvorven er herlegdomen frå Israel!» For Guds paktkiste var teken, og verfaren og mannen hennar hadde mist livet.

22. «Kvorven er herlegdomen frå Israel!» sa ho, «for Guds paktkiste er teken.»