Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 4:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Og det Samuel sa, gjekk ut til heile Israel.Israelittane drog no ut til strid mot filistarane. Dei slo leir attmed Eben-Eser, medan filistarane hadde leira seg ved Afek.

2. Filistarane fylka hæren sin mot israelittane, og striden breidde seg. Israel tapte for filistarane, og det fall om lag fire tusen mann i fylkinga på slagmarka.

3. Då folket kom attende til leiren, sa dei eldste i Israel: «Kvifor har Herren late filistarane vinna over oss i dag? Lat oss henta Herrens paktkiste i Sjilo, så han kan koma hit og vera mellom oss og berga oss frå fiendane våre.»

4. Så sende folket bod til Sjilo, og der henta dei paktkista åt Herren, Allhærs Gud, han som tronar over kjerubane. Dei to Eli-sønene, Hofni og Pinhas, var òg med; dei fylgde Guds paktkiste.

5. Då Herrens paktkiste kom til leiren, sette heile Israel i eit glederop så sterkt at jorda riste.

6. Filistarane høyrde ropet og sa: «Kva tyder dette høge glederopet i hebrearleiren?» Men då dei fekk vita at Herrens paktkiste var komen dit,

7. vart dei redde; for dei tenkte: «Gud er komen til leiren.» Og dei sa: «Ve oss! Slikt har aldri hendt før.