Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 30:6-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Sjølv var David i store vanskar. For folket sa at dei ville steina han, så harme og sorgfulle var dei alle av di dei hadde mist sønene og døtrene sine.Men David søkte styrke hjå Herren sin Gud.

7. Og han sa til presten Abjatar, son til Akimelek: «Kom hit med efoden!» Så kom Abjatar med efoden.

8. Og David spurde Herren til råds: «Skal eg setja etter denne røvarflokken? Kan eg nå dei att?» Herren svara: «Set etter dei! Du skal nå dei att og berga fangane.»

9. Så tok David i veg med dei seks hundre mennene som fylgde han, og dei kom til Besor-dalen. Der vart nokre av dei att.

10. David sette etter fienden med fire hundre mann. To hundre var att; dei var for trøytte til å gå over Besor-dalen.

11. Ute på marka fann dei ein egyptar. Dei tok han med seg til David og gav han mat å eta og vatn å drikka.

12. Han fekk òg eit stykke fikenkake og to rosinkaker. Då han hadde ete, kom han til krefter att. Han hadde ikkje smaka vått eller turt på tre døger.

13. David spurde han: «Kven høyrer du til, og kvar er du ifrå?» Han svara: «Eg er ein egyptisk gut og er træl hjå ein amalekitt. Husbonden min gjekk frå meg her for tre dagar sidan fordi eg vart sjuk.

14. Vi hadde herja i Negev, både mellom kretarane, judearane og kalebittane, og Siklag hadde vi brent.»

15. Då sa David til han: «Vil du føra meg ned til denne røvarflokken?» Guten svara: «Sver du ved Gud at du ikkje vil drepa meg eller gje meg i hendene på husbonden min, så skal eg syna deg vegen ned til røvarflokken.»

16. Så fylgde han David dit. Og der låg ransmennene spreidde ut over heile marka. Dei åt og drakk og heldt fest på alt det store hærfanget dei hadde teke i Filistarlandet og i Juda.

17. David hogg dei ned; han heldt på frå grålysinga til det vart kveld dagen etter. Ingen av dei slapp unna, så nær som fire hundre unge menn som kasta seg på kamelane og rømde.

18. Såleis berga David alt det som amalekittane hadde teke. Dei to konene sine berga han òg.

19. Ingen var sakna, korkje liten eller stor, søner eller døtrer, og heller ikkje noko av hærfanget eller av det som ransmennene elles hadde teke med seg. Alt saman tok David att.

20. Dei tok alt småfeet og storfeet, dreiv bølingen saman framfor han og sa: «Dette er Davids hærfang.»