Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 3:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Då ropa Herren ein gong til: «Samuel!» Og Samuel stod opp og gjekk inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Men Eli svara: «Nei, eg ropa ikkje, guten min. Gå og legg deg, du!»

7. Samuel kjende ikkje Herren, for Herrens ord var endå ikkje openberra for han.

8. Så ropa Herren tredje gongen på Samuel. Og han stod opp og gjekk inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Då skjøna Eli at det var Herren som ropa på guten.

9. Og han sa til Samuel: «Gå og legg deg! Og ropar han på deg att, skal du svara: Tala, Herre, tenaren din høyrer!» Så gjekk Samuel og la seg i romet sitt.

10. Då kom Herren og stod framføre han. Han ropa som før: «Samuel, Samuel!» Og Samuel svara: «Tala, tenaren din høyrer!»

11. Då sa Herren til Samuel: «No vil eg gjera slike ting i Israel at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det.

12. Den dagen skal Eli få sanna alt det eg har varsla om ætta hans, frå fyrst til sist.

13. Eg har kunngjort for han at eg vil døma ætta hans for alle tider, for det brotet han gjorde. Han aga ikkje sønene sine, endå han visste at dei forbanna Gud.