Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 3:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Guten Samuel gjorde no teneste for Herren, og Eli hadde tilsyn med han. I dei dagar kom det sjeldan ord frå Herren, og av syner var det få.

2. Så var det ein gong medan Eli låg på romet sitt. Augo hans hadde teke til å dimmast; han såg ikkje klårt.

3. Guds lampe hadde endå ikkje slokna, og Samuel låg i Herrens tempel, der Guds paktkiste stod.

4. Då ropa Herren på Samuel. Han svara: «Ja, her er eg,»

5. og sprang inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Men Eli sa: «Eg ropa ikkje. Gå og legg deg att!» Så gjekk han og la seg.