Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 29:7-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Så far no heim att i fred, så du ikkje gjer noko som filistarfyrstane mislikar.»

8. David svara: «Kva gale har eg gjort? Har du hatt noko å seia på tenaren din frå den dagen eg kom til deg og til no, sidan eg ikkje får vera med og strida mot fiendane dine, herre konge?»

9. Akisj sa: «Eg er viss på at du er like trufast som Guds engel. Men filistarfyrstane seier at dei ikkje vil ha deg med i krigen.

10. Stå tidleg opp i morgon, både du og dei mennene åt herren din som har fylgt deg hit. Gjer dykk ferdige og far av stad så snart det ljosnar.»

11. Morgonen etter stod David og mennene hans tidleg opp og fór attende til Filistarlandet. Men filistarane drog opp til Jisre’el.