Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 29:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Filistarane samla alle hærane sine ved Afek, medan israelittane slo leir attmed kjelda utanfor Jisre’el.

2. Filistarfyrstane førte fram fylkingar på tusen og på hundre, og til sist kom David og mennene hans saman med Akisj.

3. Då sa filistarfyrstane: «Kva skal desse hebrearane her?» Akisj svara: «Dette er David, ein av mennene til Saul, Israels-kongen. Han har vore hjå meg i over eitt år, og eg har ikkje funne noko å lasta han for frå den dagen han gjekk over til meg, og til no.»

4. Men fyrstane vart arge på han og sa til han: «Send mannen bort! Lat han fara heim att til den staden du har gjeve han. Han skal ikkje vera med oss i krigen; for han kunne venda seg mot oss midt i slaget. Korleis kunne han lettare vinna att godviljen hjå herren sin enn om han kom med hovuda av mennene våre?

5. Dette er då den same David som kvinnene song om medan dei dansa:Saul felte fiendar i tusental,men David i titusental.»

6. Då kalla Akisj David til seg og sa til han: «Så sant Herren lever: Du er ein ærleg mann. Og eg ville gjerne at du skulle gå ut og inn hjå meg i leiren; for eg har ikkje funne noko vondt hjå deg frå den dagen du kom til meg, og til no. Men fyrstane likar deg ikkje.

7. Så far no heim att i fred, så du ikkje gjer noko som filistarfyrstane mislikar.»

8. David svara: «Kva gale har eg gjort? Har du hatt noko å seia på tenaren din frå den dagen eg kom til deg og til no, sidan eg ikkje får vera med og strida mot fiendane dine, herre konge?»