Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 28:5-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Men då Saul såg filistarleiren, vart han så redd at han skalv.

6. Han spurde Herren til råds, men Herren svara han ikkje, korkje i draumar eller gjennom urim eller gjennom profetar.

7. Då sa Saul til mennene sine: «Finn meg ei kvinne som kan mana fram daudingar, så vil eg gå til henne og spørja henne til råds.» Mennene svara: «I En-Dor er det ei kvinne som kan det.»

8. Saul skifte no klede og gjorde seg ukjenneleg. Han gjekk av stad saman med to mann, og dei kom til kvinna om natta. Saul sa til henne: «Hjelp meg til ein spådom med manarkunsta di! Henta opp den som eg nemner for deg!»

9. Kvinna svara: «Du veit då sjølv kva Saul har gjort, at han har rudt ut or landet alle som manar fram daudingar og spådomsånder? Kvifor set du snarer for meg? Kvifor vil du drepa meg?»

10. Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: «Så sant Herren lever: Det skal ikkje koma skuld over deg for dette.»

11. Kvinna spurde: «Kven skal eg henta opp til deg?» Han svara: «Samuel.»

12. Men då kvinna såg Samuel, sette ho i eit høgt skrik og sa til Saul: «Kvifor har du narra meg? Du er Saul!»

13. Då sa kongen til henne: «Ver ikkje redd! Fortel meg heller kva du ser!» Kvinna svara: «Eg ser ei ånd som stig opp or jorda.»

14. «Korleis ser ho ut?» spurde Saul. Kvinna svara: «Det er ein gamal mann som stig opp, og han er kledd i ei kappe.» Då skjøna Saul at det var Samuel, og han kasta seg ned med andletet mot jorda.