Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 27:6-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Same dagen lét Akisj han få Siklag. Difor har Siklag høyrt Juda-kongane til heilt til denne dag.

7. Den tid David budde i Filistarlandet, var i alt eitt år og fire månader.

8. David og mennene hans drog ofte ut på herjeferder mot gesjurittane, girsittane og amalekittane. Det var dei folka som frå gamalt hadde butt i landet bort imot Sjur og heilt til Egypt.

9. Når David herja der i landet, sparte han korkje menn eller kvinner. Han tok med seg småfe og storfe, esel, kamelar og klede og kom attende til Akisj med det.

10. Når så Akisj spurde: «Kvar har de herja i dag?» svara David: «I Negev, både mellom judearane, jerakme'elittane og kenittane.»

11. Det fanst korkje mann eller kvinne som David sparte og tok med seg til Gat. For han tenkte: «Dei kunne fortelja eitkvart om oss og seia at så og så har David gjort.» Såleis fór David fram heile den tida han budde i Filistarlandet.

12. Men Akisj trudde David og tenkte: «No har David skapt ein sterk uvilje mot seg i Israel, sitt eige folk; og han kjem til å vera min mann for alltid.»