Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 26:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Mennene frå Sif kom til Saul i Gibea og sa: «Du veit vel at David held seg løynd attmed Hakila-haugen, midt for Jesjimon.»

2. Då tok Saul ut og fór ned til Sif-øydemarka og ville leita etter David, og med han var tre tusen mann, som han hadde valt ut or heile Israel.

3. Saul slo leir på Hakila-haugen, som ligg attmed vegen midt for Jesjimon. David heldt til i øydemarka, og då han skjøna at Saul var komen etter han dit,

4. sende han ut speidarar og fekk vita for visst at Saul var der.

5. Så tok David ut og kom til den staden der Saul hadde slege leir. Han såg kvar Saul og hærføraren hans, Abner Nersson, hadde lagt seg til ro. Sjølv låg Saul midt i leiren, og krigsfolket hadde lagt seg rundt ikring han.

6. David tok til ords og spurde hetitten Akimelek og Abisjai, son til Seruja og bror til Joab: «Kven vil vera med meg ned i leiren til Saul?» Abisjai svara: «Eg vil vera med deg.»

7. Då David og Abisjai kom bort til hæren om natta, fekk dei sjå at Saul låg og sov midt i leiren. Spydet hans var stukke ned i jorda attmed hovudet hans, og Abner og krigsfolket låg rundt ikring han.

8. Abisjai sa til David: «I dag har Gud gjeve fienden din i di hand. Lat meg få renna spydet gjennom han og ned i jorda! Ein støyt er nok; meir trengst ikkje.»

9. Men David svara: «Drep han ikkje! Kven kan ustraffa leggja hand på den som Herren har salva?»

10. Og han heldt fram: «Så sant Herren lever: Herren skal sjølv slå han, anten no timen hans kjem, så han døyr, eller han dreg i hærferd og fell.