Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 25:8-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Spør berre mennene dine, så vil dei fortelja deg det. Så ta då vel imot mennene mine, for vi kjem hit på ein glededag. Gjev tenarane dine og David, son din, det du måtte ha for handa!»

9. Då mennene åt David kom til Nabal, helsa dei frå David og bar fram ærendet sitt; så stod dei og venta.

10. Men Nabal svara: «Kven er David? Kven er Isai-sonen? No om dagen er det så mange trælar som spring bort frå herrane sine.

11. Og så skulle eg ta brødet og vatnet mitt og feet som eg har slakta til dei som klypper for meg, og gje det til folk som eg ikkje veit kvar er ifrå!»

12. Mennene snudde og gjekk sin veg, og då dei kom heim til David, fortalde dei han alt som hadde hendt.

13. Då sa han til mennene sine: «Spenn sverdet på dykk, alle mann!» Dei så gjorde. David spente òg sverdet på seg, og så fylgde dei han opp, om lag fire hundre mann, medan to hundre vart att ved føringsvognene.

14. Men ein av tenestgutane kom og fortalde dette til Abigajil, kona åt Nabal, og sa: «David sende nokre menn hit frå øydemarka med helsing til husbonden vår, men han skjelte dei ut.

15. Og desse mennene har då vore venlege mot oss. Ingen av dei har gjort oss noko vondt, og det har ikkje kome bort noko for oss så lenge vi har vore saman med dei ute i marka.

16. Dei var som ein mur ikring oss både natt og dag i all den tid vi heldt oss nær dei og gjætte småfeet.

17. Så tenk deg no vel om kva du skal gjera! For ulukka heng over husbonden vår og heile hans hus. Men sjølv er han så vrang at ingen torer tala til han.»

18. Då var Abigajil snar i vendinga. Ho tok to hundre brød, to hiter med vin, fem saueskrottar, fem mål steikt korn, hundre rosinkaker og to hundre fikenkaker og la det på esla.

19. Så sa ho til tenestgutane sine: «Far føre! Eg kjem snart etter.» Men med Nabal, mannen sin, nemnde ho ingenting.

20. Som ho kom ridande på eselet sitt i livd av fjellet, kom David og mennene hans imot henne; ho støytte rett på dei.

21. Men David hadde sagt: «Så er det reint til fånyttes at eg har gått her i øydemarka og vakta alt det denne mannen eig, så det ikkje har kome bort noko for han. Han har lønt godt med vondt.

22. Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg lèt ein einaste av mennene hans leva til det dagast i morgon.»

23. Med det same Abigajil fekk auga på David, sprang ho ned av eselet og bøygde seg til jorda for han.

24. Så kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Det er eg som har skulda, herre, berre eg. Men gjer vel og lat tenestkvinna di få tala til deg, og høyr på det eg har å seia.

25. Bry deg ikkje om denne vrange Nabal, herre! For som han heiter, så er han. «Dåre» heiter han, og full av dårskap er han. Eg, tenestkvinna di, har ikkje eingong sett dei mennene som du sende, herre.

26. Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever, herre, no har Herren hindra deg i å føra blodskuld over deg og ta deg til rettes. Fiendane dine, som vil skada deg, herre, skal verta som Nabal.