Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 25:26-42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever, herre, no har Herren hindra deg i å føra blodskuld over deg og ta deg til rettes. Fiendane dine, som vil skada deg, herre, skal verta som Nabal.

27. Ta imot denne gåva som tenestkvinna di har hatt med til deg, herre, og gjev henne til dei mennene som er med deg på ferdene dine.

28. Tilgjev tenestkvinna di at ho er så djerv. Herren skal sanneleg halda ætta di oppe. For det er Herrens krigar du fører, herre, og det skal ikkje henda deg noko vondt så lenge du lever.

29. Dersom nokon står fram og forfylgjer deg og vil ta livet av deg, skal Herren din Gud ta livet ditt i si varetekt, herre. Men livet åt fiendane dine skal han slengja bort som steinar or slyngja.

30. Når då Herren gjer som han har sagt, og lèt deg få alt det gode han har lova deg, herre, og set deg til fyrste over Israel,

31. då skal du ikkje kjenna deg utrygg eller ha samvitsagg, herre, fordi du har drepe skuldlause menneske og teke deg sjølv til rettes. Men når Herren gjer vel imot deg, kom då i hug tenestkvinna di, herre!»

32. Då sa David til Abigajil: «Lova vere Herren, Israels Gud, som har sendt deg til møtes med meg i dag!

33. Velsigna vere ditt vit og velsigna vere du sjølv, som i dag har hindra meg i å føra blodskuld over meg og ta meg sjølv til rettes!

34. Men så sant Herren, Israels Gud, lever, han som har halde meg frå å gjera deg noko vondt: Hadde du ikkje vore så snar til å møta meg, ville det ikkje ha vore att ein einaste mann av folket til Nabal når det dagast i morgon.»

35. Så tok David imot dei gåvene ho hadde med til han, og sa til henne: «Far heim i fred! Eg har merka meg det du har sagt, og skal gjera det du bed om.»

36. Då Abigajil kom heim att til Nabal, var det gjestebod i huset, eit gjestebod som hjå ein konge. Nabal hadde drukke mykje og var i godlag. Difor fortalde ho han ingenting før det vart morgon.

37. Men om morgonen, då rusen hadde gått av Nabal, fortalde ho han alt saman. Då var det som om hjarta hans ville stogga, og han vart som ein stein.

38. Om lag ti dagar etter slo Herren Nabal, og han døydde.

39. Då David fekk høyra at Nabal var borte, sa han: «Lova vere Herren! Han har teke hemn over Nabal for den vanæra han førte over meg, og han har halde tenaren sin frå å gjera noko vondt. Herren har late Nabals vondskap koma over hans eige hovud.»Så sende David bod og fridde til Abigajil; han ville ha henne til kone.

40. Tenarane åt David kom til Abigajil i Karmel og bar fram ærendet sitt for henne og sa: «David har sendt oss til deg, for han vil ha deg til kone.»

41. Då reiste ho seg, bøygde seg med andletet mot jorda og sa: «Sjå, her er tenestkvinna di, den tenestkvinna som skal vaska føtene åt tenarane dine, herre.»

42. Abigajil ferda seg til snøggast ho vann. Ho sette seg på eselet, og fem tenestjenter var med henne. Så fylgde ho sendemennene til David og vart kona hans.