Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 25:14-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Men ein av tenestgutane kom og fortalde dette til Abigajil, kona åt Nabal, og sa: «David sende nokre menn hit frå øydemarka med helsing til husbonden vår, men han skjelte dei ut.

15. Og desse mennene har då vore venlege mot oss. Ingen av dei har gjort oss noko vondt, og det har ikkje kome bort noko for oss så lenge vi har vore saman med dei ute i marka.

16. Dei var som ein mur ikring oss både natt og dag i all den tid vi heldt oss nær dei og gjætte småfeet.

17. Så tenk deg no vel om kva du skal gjera! For ulukka heng over husbonden vår og heile hans hus. Men sjølv er han så vrang at ingen torer tala til han.»

18. Då var Abigajil snar i vendinga. Ho tok to hundre brød, to hiter med vin, fem saueskrottar, fem mål steikt korn, hundre rosinkaker og to hundre fikenkaker og la det på esla.

19. Så sa ho til tenestgutane sine: «Far føre! Eg kjem snart etter.» Men med Nabal, mannen sin, nemnde ho ingenting.

20. Som ho kom ridande på eselet sitt i livd av fjellet, kom David og mennene hans imot henne; ho støytte rett på dei.

21. Men David hadde sagt: «Så er det reint til fånyttes at eg har gått her i øydemarka og vakta alt det denne mannen eig, så det ikkje har kome bort noko for han. Han har lønt godt med vondt.