Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 24:14-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Det er som dei seier med eit gamalt ord: Av vonde er vondt ventande. Men eg legg ikkje hand på deg.

15. Kven er det Israels konge er ute og leitar etter? Kven er det du forfylgjer? Ein daud hund, ei einsleg loppe!

16. Så skal då Herren vera domar og døma mellom meg og deg. Han skal sjå til å føra mi sak og hjelpa meg til min rett mot deg.»

17. Då David hadde tala desse orda til Saul, sa kongen: «Er det du som talar, David, son min?» Så sette han i og gret

18. og sa til David: «Du er betre enn eg, for du har gjort godt mot meg, endå eg har gjort vondt mot deg.

19. I dag har du synt meg kor god du er mot meg; du drap meg ikkje då Herren hadde gjeve meg i di hand.

20. Kvar er den mannen som kjem over fienden sin og lèt han fara sin veg i fred? Gjev Herren må løna deg for det du har gjort mot meg i dag!

21. No veit eg at du skal verta konge og halda kongedømet over Israel fast i di hand.

22. Så sver då ved Herren at du ikkje vil rydja ut etterkomarane mine og ikkje stryka ut namnet mitt or farsætta mi!»

23. Det svor David på. Så fór Saul heim att, og David og mennene hans gjekk opp til fjellborga.