Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 22:9-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Då svara Doeg frå Edom, som stod mellom mennene til Saul: «Eg såg at Isai-sonen kom til Akimelek, son til Akitub, i Nob.

10. Og Akimelek bad Herren om råd for han, gav han reisekost og lét han få sverdet åt filistaren Goliat.»

11. Så sende kongen bod etter presten Akimelek, son til Akitub, og heile ætta hans, prestane i Nob. Dei møtte alle fram for kongen,

12. og Saul sa: «Høyr her, du Akitubsson!» Han svara: «Ja, herre.»

13. Då sa Saul til han: «Kvifor har de svore dykk i hop mot meg, du og Isai-sonen? Kvifor gav du han mat og våpen og bad Gud om råd for han, så han kunne setja seg opp imot meg og liggja i bakhald mot meg, som han no gjer?»

14. Akimelek svara: «Kven av alle mennene dine har så stor tillit som David? Han er verson til kongen, hovding over livvakta og høgt vørd i huset ditt.

15. Dette er ikkje fyrste gongen eg bed Gud om råd for han, langt ifrå! Kongen må ikkje klaga meg eller nokon i ætta mi for det. For eg har ikkje visst det minste om det.»

16. Men kongen sa: «Du skal døy, Akimelek, både du og heile ætta di.»

17. Så sa han til livvakta som stod ikring han: «Gå fram og drep Herrens prestar! For dei òg held med David. Dei visste at han var på røming, men varsla meg ikkje.» Men kongsmennene ville ikkje lyfta ei hand for å hogga ned Herrens prestar.

18. Då sa kongen til Doeg: «Gå du fram og hogg ned prestane!» Så gjekk Doeg frå Edom fram og hogg ned prestane. Den dagen drap han åttifem mann som bar presteskrud av lin.

19. Sidan øydde kongen prestebyen Nob med odd og egg. Både menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar, esel og sauer drap han med sverd.

20. Berre ein av sønene til Akimelek Akitubsson – Abjatar heitte han – slapp unna. Abjatar rømde til David,