Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 22:4-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Så lét han dei vera hjå kongen i Moab, og dei budde der så lenge David heldt til i fjellborga.

5. Men profeten Gad sa til David: «Du må ikkje gje deg til i fjellborga lenger. Far bort og kom deg heim til Juda!» Då tok David ut og kom til Haret-skogen.

6. Saul fekk høyra at folk hadde sett David og dei mennene som var med han. Så var det ein dag Saul sat under tamariska på offerhaugen i Gibea med spydet i handa, og alle mennene hans stod ikring han.

7. Då sa han til mennene som stod der: «Høyr her, benjaminittar! Trur de at Isai-sonen vil gje dykk alle saman jorder og vingardar og setja dykk til hovdingar over fylkingar på tusen og på hundre?

8. De har då alle svore dykk i hop mot meg. Ingen av dykk varsla meg då son min gjorde pakt med Isai-sonen. Ingen hadde medkjensle med meg og varsla meg då son min sette min eigen tenar opp imot meg, så han ligg i bakhald mot meg, som han no gjer.»

9. Då svara Doeg frå Edom, som stod mellom mennene til Saul: «Eg såg at Isai-sonen kom til Akimelek, son til Akitub, i Nob.

10. Og Akimelek bad Herren om råd for han, gav han reisekost og lét han få sverdet åt filistaren Goliat.»

11. Så sende kongen bod etter presten Akimelek, son til Akitub, og heile ætta hans, prestane i Nob. Dei møtte alle fram for kongen,

12. og Saul sa: «Høyr her, du Akitubsson!» Han svara: «Ja, herre.»