Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 22:3-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Derifrå drog David til Mispe i Moab, og han sa til moabittkongen: «Lat far min og mor mi få bu hjå dykk til eg får sjå kva Gud vil gjera for meg.»

4. Så lét han dei vera hjå kongen i Moab, og dei budde der så lenge David heldt til i fjellborga.

5. Men profeten Gad sa til David: «Du må ikkje gje deg til i fjellborga lenger. Far bort og kom deg heim til Juda!» Då tok David ut og kom til Haret-skogen.

6. Saul fekk høyra at folk hadde sett David og dei mennene som var med han. Så var det ein dag Saul sat under tamariska på offerhaugen i Gibea med spydet i handa, og alle mennene hans stod ikring han.

7. Då sa han til mennene som stod der: «Høyr her, benjaminittar! Trur de at Isai-sonen vil gje dykk alle saman jorder og vingardar og setja dykk til hovdingar over fylkingar på tusen og på hundre?

8. De har då alle svore dykk i hop mot meg. Ingen av dykk varsla meg då son min gjorde pakt med Isai-sonen. Ingen hadde medkjensle med meg og varsla meg då son min sette min eigen tenar opp imot meg, så han ligg i bakhald mot meg, som han no gjer.»

9. Då svara Doeg frå Edom, som stod mellom mennene til Saul: «Eg såg at Isai-sonen kom til Akimelek, son til Akitub, i Nob.