Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 20:29-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Kjære, lat meg få fara, sa han, for ætta vår held offerfest der i byen, og bror min har bede meg koma. Har du godvilje for meg, så lat meg få fara heim og helsa på frendane mine! Såleis har det seg at han ikkje er komen til bordet åt kongen.»

30. Då vart Saul brennande harm på Jonatan og sa til han: «Du son til ei ring og trassig kvinne! Var det ikkje det eg visste at du har valt deg ut denne Isai-sonen, til skam for deg sjølv og til skam for mor di som fødde deg!

31. Så lenge Isai-sonen er til på jorda, står korkje du eller kongedømet ditt trygt. Send bod og henta han hit til meg; han skal døy!»

32. Jonatan svara: «Kvifor skal han døy? Kva gale har han gjort?»

33. Men Saul svinga spydet og ville renna det gjennom han. Då skjøna Jonatan at far hans ville drepa David.

34. Han reiste seg frå bordet, harm i hugen, og smaka ikkje mat den andre nymånedagen. Han hadde vondt av David, fordi far hans hadde spotta han.

35. Morgonen etter gjekk Jonatan ut på marka på den tid han hadde avtala med David, og han hadde ein smågut med seg.

36. Han sa til guten: «Spring og finn dei pilene eg skyt!» Medan guten sprang av stad, skaut han ei pil bortom han.

37. Og då guten kom til den staden der ho låg, den pila Jonatan hadde skote, ropa Jonatan etter han: «Ligg ikkje pila bortanfor deg?»

38. Og så ropa han: «Skunda deg, ver snar, stå ikkje der!» Guten tok opp pila og kom til husbonden sin.

39. Han skjøna ingen ting. Det var berre Jonatan og David som visste kva dette hadde på seg.