Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 20:28-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Jonatan svara: «David bad meg om lov til å fara til Betlehem.

29. Kjære, lat meg få fara, sa han, for ætta vår held offerfest der i byen, og bror min har bede meg koma. Har du godvilje for meg, så lat meg få fara heim og helsa på frendane mine! Såleis har det seg at han ikkje er komen til bordet åt kongen.»

30. Då vart Saul brennande harm på Jonatan og sa til han: «Du son til ei ring og trassig kvinne! Var det ikkje det eg visste at du har valt deg ut denne Isai-sonen, til skam for deg sjølv og til skam for mor di som fødde deg!

31. Så lenge Isai-sonen er til på jorda, står korkje du eller kongedømet ditt trygt. Send bod og henta han hit til meg; han skal døy!»

32. Jonatan svara: «Kvifor skal han døy? Kva gale har han gjort?»

33. Men Saul svinga spydet og ville renna det gjennom han. Då skjøna Jonatan at far hans ville drepa David.

34. Han reiste seg frå bordet, harm i hugen, og smaka ikkje mat den andre nymånedagen. Han hadde vondt av David, fordi far hans hadde spotta han.

35. Morgonen etter gjekk Jonatan ut på marka på den tid han hadde avtala med David, og han hadde ein smågut med seg.