Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 20:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. David rømde frå Nevajot ved Rama. Han kom til Jonatan og sa: «Kva har eg gjort? Kva vondt og gale har eg gjort mot far din, sidan han vil ta livet av meg?»

2. Jonatan svara: «Langt ifrå! Du skal ikkje missa livet! Far min gjer då aldri noko, anten stort eller smått, utan at han lèt meg få vita det. Kvifor skulle han då dølja dette for meg? Nei, det er ikkje så.»

3. Men David svara med ein eid: «Far din veit godt at du har godvilje for meg. Difor tenkjer han: Dette må ikkje Jonatan få vita; det ville gjera han vondt. Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Det er berre eit steg mellom meg og døden.»

4. Då sa Jonatan til David: «Alt det du ynskjer, skal eg gjera for deg.»

5. David svara: «I morgon er det nymånedagen. Då skulle eg sitja til bords med kongen. Men gjev du meg lov til å fara, går eg og gøymer meg ute på marka til tredje kvelden.

6. Skulle så far din sakna meg, må du seia: David bad meg om lov til å fara heim til Betlehem som snarast; for der held heile ætta den årlege offerfesten sin.

7. Seier han då: Det er godt, så kan tenaren din vera trygg. Men vert han sint, kan du vera viss på at han har sett seg føre å gjera meg noko vondt.

8. Gjer då vel mot tenaren din, sidan du har late meg gjera venskapspakt med deg i Herrens namn. Men har eg gjort meg skuldig i noko brot, så drep meg! Kvifor skulle du føra meg til far din?»

9. Jonatan svara: «Det skal aldri henda! Skjønar eg at far min er meint på å gjera deg noko vondt, skal eg nok seia deg det.»

10. Då spurde David: «Kven skal varsla meg dersom far din gjev eit ublidt svar?»