Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 18:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Då Saul såg at det gjekk godt for David, vart han endå reddare han.

16. Men heile Israel og Juda heldt av David; for han førte dei både ut i striden og heim att.

17. Ein dag sa Saul til David: «Sjå, her er Merab, eldste dotter mi; henne vil eg gje deg til kone. Lat meg berre få sjå at du er ein djerv kar, som fører Herrens krigar.» For han tenkte: «Eg vil ikkje leggja hand på han; det skal filistarane gjera.»

18. David svara: «Kven er vel eg, og kven er frendane mine, farsætta mi, i Israel, sidan eg skal verta verson til kongen?»

19. Men då tida kom at David skulle få Merab Saulsdotter, vart ho gift med Adriel frå Mehola.

20. Men Mikal, dotter til Saul, hadde fått David kjær. Då Saul fekk vita det, lika han det godt.

21. «Han skal få henne,» tenkte Saul. «Ho skal verta ei snare for han, så han fell i filistarhand.» Difor sa Saul til David andre gongen: «Du skal verta verson min.»

22. Og til mennene sine sa han: «Tal med David i løynd og sei: Kongen tykkjer vel om deg, og alle mennene hans held av deg. No må du verta verson til kongen.»

23. Då mennene til Saul kviskra dette i øyra på David, sa han: «Synest de det er så lite verdt å vera verson til kongen at ein fattig og lågætta mann som eg kan verta det?»

24. Mennene til Saul fortalde kongen kva David hadde svara.

25. Då sa Saul: «Gå og sei til David at kongen ikkje ynskjer anna festargåve enn førehuda av hundre filistarar; såleis vil han hemna seg på fiendane sine.» Men Saul tenkte med seg: «Då kjem filistarane til å drepa David.»