Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 17:30-49 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Så vende han seg frå han til ein annan og tok opp att spørsmålet, og folket gav han same svaret som fyrste gongen.

31. Det spurdest snart kva David hadde sagt, og Saul fekk òg høyra det. Han sende bod etter han,

32. og David sa til Saul: «Ingen må missa motet! Tenaren din skal gå og strida med denne filistaren.»

33. Men Saul svara: «Du kan ikkje gå mot filistaren og strida med han; du er då berre ungguten, og han har vore krigar heilt ifrå ungdomen.»

34. Då sa David: «Tenaren din har ofte gjætt småfeet for far sin. Kom det då ei løve eller ein bjørn og tok ein sau i flokken,

35. sprang eg etter udyret, slo det og reiv sauen ut or gapet på det. Og reiste det seg mot meg, treiv eg det i skjegget og slo det i hel.

36. Både løve og bjørn har tenaren din felt, og det skal gå denne uomskorne filistaren som dei; for han har spotta fylkingane åt den levande Gud.»

37. Og David la til: «Herren, som har berga meg frå løve og bjørn, han skal nok berga meg frå denne filistaren òg.» Då sa Saul til David: «Gå du! Herren vil vera med deg.»

38. Så lét han David få si eiga rustning, sette ein bronsehjelm på hovudet hans og hadde på han ei brynje.

39. David batt sverdet hans om seg utanpå kleda og ville til å gå. Men han hadde aldri prøvt det før. «Eg greier ikkje å gå med dette på meg,» sa han til Saul; «eg er ikkje van med det.» Så la han det av seg

40. og tok staven sin i handa. I eit bekkefar leita han seg ut fem slette steinar og la dei i gjætartaska som han hadde med seg. Og slyngja si hadde han i handa. Så gjekk han fram mot filistaren.

41. Imedan kom filistaren nærare og nærare bort imot David, og skjoldberaren gjekk føre han.

42. Då filistaren såg fram for seg, fekk han auga på David, men vørde han ikkje. For David var berre ungguten, raudleitt og ven å sjå til.

43. «Trur du eg er ein hund, sidan du kjem imot meg med kjeppar?» ropa filistaren til David. Og han forbanna David ved guden sin.

44. Så sa han: «Kom hit til meg, så skal eg gje kjøtet ditt til fuglane under himmelen og dyra på marka.»

45. David svara: «Du kjem imot meg med sverd og lanse og kastespyd; men eg kjem imot deg i namnet åt Herren, Allhærs Gud, han som er Gud for Israels fylkingar, han som du har spotta.

46. I denne dag vil Herren gje deg i mi hand; eg skal slå deg i hel og hogga hovudet av deg. Og liket ditt og lika av filistarhæren skal eg i dag gje til fuglane under himmelen og villdyra på jorda, så heile verda kan skjøna at Israel har ein Gud.

47. Og alt dette folket som er samla, skal skjøna at det ikkje er med sverd og spyd Herren gjev siger. Det er Herren som rår for krigen, og han skal gje dykk i vår makt.»

48. Då no filistaren fór opp og kom bort imot David, sprang David brått fram frå fylkinga, mot filistaren.

49. Han stakk handa ned i taska og tok opp ein stein, kasta han med slyngja og råka filistaren i panna. Steinen gjekk djupt inn i panna hans, og han stupte med andletet mot jorda.