Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 17:23-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Best han stod og tala med dei, kom holmgangskjempa, filistaren Goliat frå Gat, fram or filistarfylkinga og heldt den vanlege talen sin, og David høyrde det.

24. Alle israelittane rømde unna då dei såg mannen; dei var fælande redde.

25. Men ein av dei sa: «Ser de den karen som kjem fram der? Han vil spotta Israel; det er det han kjem for. Den som feller han, vil kongen gje stor rikdom og dotter si med, og ætta hans skal vera friteken for skatt i Israel.»

26. Då spurde David dei mennene som stod saman med han: «Kva var det han skulle få, den mannen som feller filistaren og tek ei slik vanære bort frå Israel? Kven er han vel, denne uomskorne filistaren, som vågar å spotta fylkingane åt den levande Gud?»

27. Folket tok opp att det som var sagt: Det og det skal han få, den som feller kjempa.

28. Då Eliab, eldste bror til David, høyrde kva han tala med mennene om, vart han harm på David og sa: «Kva vil du her? Og kven har du fått til å gjæta den vesle saueflokken uti øydemarka? Eg kjenner dei store tankane dine og veit kor vond du er. Du er komen hit ned og vil sjå på slaget.»

29. «Kva gale har eg no gjort?» svara David. «Det var då berre eit spørsmål.»

30. Så vende han seg frå han til ein annan og tok opp att spørsmålet, og folket gav han same svaret som fyrste gongen.