Bibelen 1978-85 Nynorsk

1. Samuelsbok 17:19-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Dei og alle dei andre israelittane er hjå Saul i Terebintedalen og strider mot filistarane.»

20. Morgonen etter stod David tidleg opp og fekk ein annan til å gjæta småfeet. Så tok han det han skulle ha med, og gav seg i veg, som Isai hadde sagt til han. Då han kom til leiren, gjekk hæren nett ut og fylka seg, og krigsropet ljoma.

21. Både israelittane og filistarane stod budde til strid, fylking mot fylking.

22. David la tinga sine frå seg hjå han som hadde tilsyn med føringsvognene. Så sprang han bort til fylkinga, fann brørne sine og helsa på dei.

23. Best han stod og tala med dei, kom holmgangskjempa, filistaren Goliat frå Gat, fram or filistarfylkinga og heldt den vanlege talen sin, og David høyrde det.

24. Alle israelittane rømde unna då dei såg mannen; dei var fælande redde.

25. Men ein av dei sa: «Ser de den karen som kjem fram der? Han vil spotta Israel; det er det han kjem for. Den som feller han, vil kongen gje stor rikdom og dotter si med, og ætta hans skal vera friteken for skatt i Israel.»

26. Då spurde David dei mennene som stod saman med han: «Kva var det han skulle få, den mannen som feller filistaren og tek ei slik vanære bort frå Israel? Kven er han vel, denne uomskorne filistaren, som vågar å spotta fylkingane åt den levande Gud?»

27. Folket tok opp att det som var sagt: Det og det skal han få, den som feller kjempa.

28. Då Eliab, eldste bror til David, høyrde kva han tala med mennene om, vart han harm på David og sa: «Kva vil du her? Og kven har du fått til å gjæta den vesle saueflokken uti øydemarka? Eg kjenner dei store tankane dine og veit kor vond du er. Du er komen hit ned og vil sjå på slaget.»

29. «Kva gale har eg no gjort?» svara David. «Det var då berre eit spørsmål.»

30. Så vende han seg frå han til ein annan og tok opp att spørsmålet, og folket gav han same svaret som fyrste gongen.

31. Det spurdest snart kva David hadde sagt, og Saul fekk òg høyra det. Han sende bod etter han,

32. og David sa til Saul: «Ingen må missa motet! Tenaren din skal gå og strida med denne filistaren.»